dcsimg

Hornugle ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Hornugle er ei ugle i gruppa Asio.

Kjenneteikn

Hornugla har ei lengd på 31-37 cm og eit vengespenn på 86-98 cm. Ho veg om lag 280 gram. Fuglen har lange øyretufsar som kan reisast rett opp. Hoa er større enn hannen og har mørkare fjørdrakt. Dei brunaktige fjørene er loddrett streka. Fuglen er spraglete og vatra i svartbrunt, rustgult og kvitt på oversida. Bryst og buk er rustgule og kvite med svartbrune langsflekkar. Tarsen og tærne er heilt fjørkledde. På den sitande fuglen når vengen nedom stjerten. Den andre handsvingfjøra er innskåren i den ytre fana, den første i den indre. Iris er oransjefarga. Hornugla er vanskeleg å sjå om dagen då fuglen kamuflerer seg ved å site på ei grein tett inn til trestamma. Ho dreg saman fjørdrakta og kroppen og får ein ekstra avlang utsjånad.

Læte

Territoriesongen til hannen er dempa, men kan bere ein kilometer eller meir. Dei gjennomtrengande tiggeropa ungane ytrar når dei er ute av reiret ber minst like langt.

Utbreiing og taksonomi

Hornugla lever over store delar av Palearktis, frå det nordlege Afrika og Europa i vest gjennom det nordlege Asia austover til Kina og Japan og sørover til det nordvestre India. Vidare finst fuglen over store delar av Nord-Amerika sør til det nordlege Mexico. Fuglane som hekkar i nord er trekkfuglar eller lever nomadisk, dei i sør er standfuglar.

Hornugla vert delt i fire underartar:

  • Asio otus tuftsi – hekkar i frå vest i Canada sørover og austover til det nordlege Mexico og det sørlege Texas.
  • Asio otus wilsonianus – hekkar i det sørlege og søraustre Canada sørover gjennom det sentrale USA.
  • Asio otus otus – hekkar i Europa, Asia og Nord-Afrika.
  • Asio otus canariensis – hekkar endemiskKanariøyane

Biotop og leveområde i Noreg

Hornugla hekkar i alle fylke, men spreidd i dei nordlege delane av landet. Vanlegast er fuglen i lågareliggande delar av Sørlandet, Austlandet og Trøndelag. Fuglane likar best i jordbrukslandskap med blanding av dyrka mark og barskog, og finst så høgt til fjells som barskogen strekker seg. Skogen treng fuglane spesielt for å gøyme seg om dagen.

Føde

Hornuglene er nattfuglar som jaktar på smågnagarar, og også litt insekt.

Hekking

Fuglane finn seg gjerne kvistreir etter kråke, skjor eller ekorn. Hoa legg 3-5 egg. Egglegginga skjer frå seint i mars til midt i mai. Hoa rugar i 25-30 døgn. Begge foreldra matar ungane.

Trekkvanar

Etter som hornuglene er nomadiske er det vanskeleg å snakke om ein norsk hekkebestand, men stort sett er det slik at fuglane i Noreg er trekkfuglar som kjem hit i mars-juni og reiser sørover og sørvestover stundom heilt til Spania. Nokre individ kan overvintre i Noreg når og der det er mykje smågnagarar og lite snø.

Kjelder

  • Svensk wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN

Hornugle: Brief Summary ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Hornugle er ei ugle i gruppa Asio.

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN

Hornugle ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NO

Hornugle (Asio otus) er en ugle i gruppen Asio. Den ca. 35 cm store uglen med stramt stående fjærører lever i skogene på den nordlige delen av jordhalvkulen.

Referanser

Eksterne lenker

ornitologistubbDenne ornitologirelaterte artikkelen er foreløpig kort eller mangelfull, og du kan hjelpe Wikipedia ved å utvide den.
Det finnes mer utfyllende artikkel/artikler på .
ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia forfattere og redaktører
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NO

Hornugle: Brief Summary ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NO

Hornugle (Asio otus) er en ugle i gruppen Asio. Den ca. 35 cm store uglen med stramt stående fjærører lever i skogene på den nordlige delen av jordhalvkulen.

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia forfattere og redaktører
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NO