dcsimg

Råkar ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Råkar ein biologisk familie, Coraciidae, av tolv fugleartar som lever i «den gamle verda». Dei har nært slektskap med sporvefuglar. Råkar liknar kråker i storleik og kroppsbygging, og deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar. Dei to indre framtærne er samanvaksne, men ikkje den ytre tåa.

Dei er hovudsakleg insektetarar, Eurystomus-artane snappar bytte i flukt, og artane i slekta Coracias stuper ned frå greiner ned mot bakken for å fange bytte, som store varslarar gjer.

Morfologi og utsjånad

 src=
Savanneråke, Coracias caudatus
Foto: Hans Hillewaert
 src=
Kvithovudråke, Coracias cyanogaster
Foto: Tim Vickers
 src=
Bengalråke, Coracias benghalensis
Foto: Flickr-brukar Koshyk
 src=
Orientråke, Eurystomus orientalis
Foto: Tom Tarrant

Råkar liknar kråker i storleik og kroppsbygging, lengda varierer frå 25 til 27 centimeter. Dei deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar.[1] Råkar har tilsvarande generell morfologi som slektningane sine i den den biologiske ordenen Coraciiformes, med store hovud på korte nakkar, ljos fjørdrakt, svake føter og korte bein. Dei to indre framtærne er vaksne saman, men ikkje den ytre tåa.[1] Veikskapen til føter og bein reflekterer levemåten, dei flyttar seg ikkje rundt på greiner, og på bakken brukar dei ikkje føtene anna enn til sporadiske sprang for å følgje etter rømte byttedyr. Nebbet er robust, og er kortast, men breiast i slekta Eurystomus, som nokre gonger blir kalla breinebba råkar. Breinebba råkar har lyst farga nebb, medan dei i slekta Coracias har svarte nebb. Andre skilnader mellom dei to slektene er i lengda på venger, Eurystomus-råkar har beste eigenskapar i lufta med hjelp av lengre venger, har òg kortare føter enn Coracias-råkar, dette reflekterer skilnadene i ernæringsøkologi.[2] Lydytringane deira er gjentatte korte, grove 'kå'.[1]

Distribusjon og habitat

Råkar finst i varmare delar av «den gamle verda». Afrika har dei fleste artane, og ein antar at familien har opphav derfrå. Dette blir støtta av det faktumet at dei nærskylde markråkar finst på Madagaskar.[3] Blåråke er ein gjennomført trekkfugl, som hekkar i Europa og overvintrar i Afrika. I stor grad forlét òg orientråke hekkeområdet sitt om vinteren. Andre artar er standfuglar eller trekkjer korte distansar.[4]

Dette er fuglar som føretrekk opne habitat med tre eller andre høge utkikkspostar for jakt.[3]

Levevis

Hekking

Råkar er bråkete og aggressive når dei forsvarar hekketerritoriet som dei patruljerer medan dei syner fram den slåande fjørdrakta. Inntrengjarar blir åtaka med skremmande rullande stup.[3] Dei er monogame og hekkar i ufora hòl i tre eller i mur. Storleiken på kullet er 2-4 egg i tropane, og 3-6 ved høgare breiddegradar. Egga, som er kvite, blir klekte etter 17-20 dagar, og ungane held seg deretter i reiret i ca. 30 dagar.[5] [5] Egglegginga har ein dags intervall, så om det blir lite tilgang på mat, vil berre dei eldste og største ungane få mat. Ungane er nakne, blinde og hjelpelause når dei blir klekt.[3]

Diett

Coracias-råkar er jegerar som sit på post i eit tre eller anna høgd før dei stig ned på byttet sitt, og ber det tilbake i nebbet før dei deler det opp. Dei tek eit breitt spekter av terrestriske virvellause dyr og små virveldyr, som froskar, øgler, gnagarar og unge fuglar. Dei tar òg bytte som mange av mange andre fuglar unngår, slik som hårete larvar, insekt med varselfarge og slangar.[3]

Eurystomus-råkar jaktar i flukt, slår ned på flygande biller, grashopper og andre insekt som dei knuser med det breie, djupe nebbet sitt og dei et òg i flukta. Molukkråke og orientråke vil jakte enorme svermar av termittar og maur som flyg ut etter torevêr. Titals eller hundrevis av råkar kan trekkjast mot store svermar.[3]

Taksonomi

Råkefamilien Coraciidae er éin av ti familiar i den biologiske ordenen Coraciiformes, råkefuglar, som òg omfattar motmotar, bietarar, todiar, markråkar, kurol og isfuglfamilien og tre andre familiar.[6] Om ein ser bort frå markråkar, er ikkje desse familiane særleg tett knytt til råkar, og Coraciiformes er difor truleg ei polyfyletisk gruppe.[7][8] Delingen av råkar i to slekter er ukontroversielt.[3]

Artslista

Råkar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[9]

Slekt Coracias

  • Blåråke, Coracias garrulus, European Roller, NT, Linné, 1758
  • Sahelråke, Coracias abyssinicus, Abyssinian Roller, LC, Hermann, 1783
  • Savanneråke, Coracias caudatus, Lilac-breasted Roller, LC, Linné, 1766
  • Vimpelråke, Coracias spatulatus, Racket-tailed Roller, LC, Trimen, 1880
  • Striperåke, Coracias naevius, Rufous-crowned Roller, LC, Daudin, 1800
  • Bengalråke, Coracias benghalensis, Indian Roller, LC, Linné, 1758
  • Sulawesiråke, Coracias temminckii, Purple-winged Roller, LC, Vieillot, 1819
  • Kvithovudråke, Coracias cyanogaster, Blue-bellied Roller, LC, Cuvier, 1817

Slekt Eurystomus

  • Breinebbråke, Eurystomus glaucurus, Broad-billed Roller, LC, Müller, 1776
  • Blåstruperåke, Eurystomus gularis, Blue-throated Roller, LC, Vieillot, 1819
  • Orientråke, Eurystomus orientalis, Dollarbird, LC, Linné, 1766
  • Molukkråke, Eurystomus azureus, Azure Roller, NT, Gray, 1860

Den vitskaplege forma for familienamnet refererer til latin 'coracium', «som ein ramn», og det engelske namnet 'roller' kjem av dugleiken i luftakrobatikk som nokre av desse fuglane syner under paringsleik eller markering av territorium.[5].

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 Fry, C. Hilary (2003). «Rollers». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 380–381. ISBN 1-55297-777-3.
  2. Fry, C. (2001). «Family Coraciidae (Rollers)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal, J. Mousebirds to Hornbills. Handbook of the Birds of the World. Band 6. Barcelona: Lynx edicions. s. 342–369. ISBN 848733430X.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Fry, C. Hilary; Fry, Kathie; Harris, Alan (1992). Kingfishers, Bee-eaters and Rollers. Christopher Helm. ISBN 0-7136-8028-8
  4. Fry, et al (1992) 98–102
  5. 5,0 5,1 Forshaw, J. & Kemp, A. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 145–147. ISBN 1-85391-186-0. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  6. 6,0 6,1 Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2014
  7. Sibley, Charles G (1960). «The electrophoretic patterns of avian egg-white proteins as taxonomic characters». Ibis 102 (2): 215–284.
  8. Hackett, S. et al. (2008) "A phylogenomic study of birds reveals their evolutionary history " Science 320 (5884) 1763–1768
  9. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Råkar
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Råkar: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Råkar ein biologisk familie, Coraciidae, av tolv fugleartar som lever i «den gamle verda». Dei har nært slektskap med sporvefuglar. Råkar liknar kråker i storleik og kroppsbygging, og deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar. Dei to indre framtærne er samanvaksne, men ikkje den ytre tåa.

Dei er hovudsakleg insektetarar, Eurystomus-artane snappar bytte i flukt, og artane i slekta Coracias stuper ned frå greiner ned mot bakken for å fange bytte, som store varslarar gjer.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Råker ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Råker eller råkefamilien (Coraciidae) er en familie med mellomstore, fargerike råkefugler. Artene er relativt vanlige i tropiske og subtropiske strøk av Den gamle verden, men lite studert.

Beskrivelse

Råkene er mellomstore fugler (25–40 cm) med relativt store hoder og fargerike fjærdrakter. De har kort, kroket nebb, korte lemmer, middels store vinger og av og til lang stjert.[2]

Arter

Råkefamilien består to slekter; Coracias med 9 arter (hvorav en art uten norsk navn) og Eurystomus med 4 arter.[2]

C. affinis blir av flere regnet som en underart (C. b. affinis) av Bengalråke (C. benghalensis), men fuglen skiller seg fra denne på mange måter, både i pigmenteringen av fjærdrakten og på andre måter. Den er nå løftet til artsnivå. Arten er dessuten svært lik Sulawesiråke (C. temminckii) og kan være nært beslektet med denne, til tross for at Sulawesiråke er endemisk for Sulawesi. C. H. Fry mener at C. temminckii kan være et derivat av C. affinis.[2]

Atferd

Råker er hovedsakelig trelevende og artene okkuperer i hovedsak tropiske områder. Artene i slekten Coracias er rovgriske og jakter føden solitært. Fuglene sitter og venter på byttet i trærne, i stedet for aktivt å søke det opp. Utsiktsplassen ligger gjerne 3–6 meter over bakken. Artene i slekten Eurystomus bruker mye av den samme teknikken, men disse fuglene jobber mer systematisk gjennom et areal. De jakter nødvendigvis heller ikke solitært, men også sammen med artsfrender og i blandede grupper. Utsiktsplassen til disse artene kan ligge opp mot 30–40 meter over bakken.[2]

Referanser

  1. ^ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forenings hjemmesider (publisert 22.5.2008)
  2. ^ a b c d Fry, H. (2016). Rollers (Coraciidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Besøkt 2016-05-04

Eksterne lenker


license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Råker: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Råker eller råkefamilien (Coraciidae) er en familie med mellomstore, fargerike råkefugler. Artene er relativt vanlige i tropiske og subtropiske strøk av Den gamle verden, men lite studert.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO