dcsimg

Blåknopphokko ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Blåknopphokko (Crax alberti) er kritisk truga hokko som er endemisk til Colombia med utbreiing i nordvestre Sierra Nevada de Santa Marta, og i nokre andre særs små lokalitetar, som til dømes Serrania de San Lucas i Bolívar og ein i Boyacá-departementet.

Blåknopphokko er ein stor hokko, 82-93 cm i lengd og i gjennomgåande svart fjørdrakt. Hannfuglar har kvit undergump og haletipp, hofuglar har raudbrun underside frå bakre buk til undersida av halen. Begge kjønna har lys blå 'cere', hannen har òg blå hudlappar ned frå nebbrota. Begge har lys rosa bein.

Denne arten er typisk bakkelevande og har habitat i lågland, helst under 600 moh., men kan treffast opp til 1200 moh. Utbreiingsområdet ligg i opphavleg tropiske skog.

Truleg gjer frukt ut for hovudingrediensen av dietten, men dei kan òg ta meitemark og insekt.

Hannfuglar har ein song av djupe fire til fem 'hmmm'-ande strofer.

Det finst truleg berre mellom 250 og tusen individ av blåknopphokko, og populasjonen er minkande. Han er klassifisert som kritisk truga (CR) ettersom han er utdøydd i det meste av det opphavelege utbreiingsområdet sitt og området no er innskrenka til 2100 km2. Det føregår framleis ulovleg jakt og eggsanking. Dei er òg truga av minkande habitat ved avskoging.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blåknopphokko
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Blåknopphokko: Brief Summary ( Norwegian )