dcsimg

Løveape ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Løveape eller løvetamarin (Leontopithecus rosalia) er ein liten primat i silkeapefamilien, Callitrichidae. Arten er mellom anna i slekt med silkeapa.

Utsjånad

Arten er den største i silkeapefamilien med ei kroppslengd på 34-40 cm og halelengd på 26-38 cm. Vekta er på 630-710 g. Pelsen er raudgul, og dei lange håra på issen, kinna og sidene av halsen kan reisast opp som ein man. Ulikt dei fleste apar har løveapa klør i staden for neglar. Hannar og hoer ser heilt like ut.

Føde og levevis

Føda er frukt og grønsaker, men også insekt, edderkoppar og smådyr. Apa kan bli opptil 10-15 år gamal. Løveapa høyrer endemisk til dei atlantiske kystskogane i Brasil. Ho lever høgt oppe i trekrunene, om lag 30 meter over bakken, eller meir.

Utbreiing

Apa er truga av skoghogst; ein rekner med at berre 2 %–5 % av det opphavlege leveområdet deira er att.[1] I vill tilstand finst berre nokre hundre eksemplar att. Dei finst berre i tre små regnskogsområde i Søraust-Brasil: Poço das Antas Biological Reserve, Fazenda União biologiske reservat og private landområde knytt til eit reintroduksjonsprogram.[2]

Det finst rundt 490 individ i fangenskap i 150 ulike dyrehagar.[3][2][4] I Skandinavia finst arten mellom anna i Ålborg Zoo og Kristiansand Dyrepark.

Kjelder

  1. Wildlife Trust, Durrel Concervation. «Golden lion tamarin | Durrell Wildlife Concervation Trust». Durrell Wildlife Conservation Trust. Henta 26. mars 2012.
  2. 2,0 2,1 «Current status of golden lion tamarin». National Zoological Park. Arkivert frå originalen 24 August 2011. Henta 26 March 2012.
  3. Kierulff, M.C.M.; Rylands, A.B. & de Oliveira, M.M. (2008). «Leontopithecus rosalia». The IUCN Red List of Threatened Species (IUCN) 2008: e.T11506A3287321. doi:10.2305/IUCN.UK.2008.RLTS.T11506A3287321.en. Henta 12 January 2018.
  4. «PRESS RELEASE: New Census of Wild GLT Population - Recent News - Save the Golden Lion Tamarin». www.savetheliontamarin.org. Henta 10. april 2018.
  • Bokmålswikipedia om løvetamarin.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Løveape: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Løveape eller løvetamarin (Leontopithecus rosalia) er ein liten primat i silkeapefamilien, Callitrichidae. Arten er mellom anna i slekt med silkeapa.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN