dcsimg

Gjødselmygg ( norja )

tarjonnut wikipedia NN

Gjødselmyggar (Scatopsidae) er ei gruppe flugeliknande myggar som helst lever i tilknytnad til møk og kompost. Familien omfattar ganske små insekt (om lag 0,5-4 mm) og lever over heile verda. Det er på verdsbasis skildra ein 350 artar fordelt på 30 slekter; 44 av desse er kjende frå Noreg.[1].

Dei eldste gjødselmyggane me kjenner til er fossil frå krit-tida i Sibir.

Kjenneteikn

Gjødselmyggar har robust kroppsbygnad med tydeleg runde hovud. Fargen er som regel einsfarga svart til brun, men dette varierer noko. Fest på dei to grunnleggjande antennesegmenta har dei 5-10 såkalla flagellomerar (trådforma antennesegment) i følehorna. Desse er korte, tjukke og klumpute og kan likna på ein stabel tallerkar. For dei fleste artane støyter augo over i kvarandre bak antennene.

Mellomkroppen til gjødselmyggen er noko forlenga, og til ein viss grad flatklemt frå sidene. Somme artar har særleg godt utvikla coxa (=«hoftefeste») på første beinpar. Hjå underfamilien Aspistinae går det ein tverrgåande kant på dette kroppsområdet. Vengjene har tydelege costa- og radius-årer, men har elles eit ganske utydeleg mønster. Korleis årene er lagt opp er viktige karakterar for å bestemma dyra til slekt.

Dei fleste artane har særskild utvikla kjønnsdelar. Det kan ofte vera naudsynt å kika på desse i mikroskop for å fastslå kva for art dyra høyrer til.

Larvar

Larvane til gjødselmyggen er lange og har klart markerte hovud med sterk kitinisering. Munndelane er tyggande og raspande og følehorna er velutvikla, men augo manglar heilt. Dei har som larvar ni bakkroppssegment og tre mellomkroppssegment, hjå somme artar med børster. Fargen er kvit til lys grå.

Levesett

Biologien til gjødselmyggen er generelt sett dårleg kjend. For dei kjende artane vert egga plasserte på fuktig substrat kort tid før hoa døyr. Larvane kan leva på mange ulike måtar, men mest vanleg er det at dei et på rotnande planterester. Det er òg kjend artar som lever på sopp, i gjødsel eller åtsel eller som parasittar hjå maur. Livssyklusen kan ta alt frå tre-fire veker til eit år avhengig av art.

Kjelder

  • Jensen, Lita Greve: Gjødselmygg (Scatopsidae) - kompostbingens hemmelighet i Insekt-Nytt #4 1999
  1. Ottesen, P.S. (red) :Norske insektfamilier og deres artsantall Norsk Entomologisk Forening 1999
lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia authors and editors
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NN

Gjødselmygg: Brief Summary ( norja )

tarjonnut wikipedia NN

Gjødselmyggar (Scatopsidae) er ei gruppe flugeliknande myggar som helst lever i tilknytnad til møk og kompost. Familien omfattar ganske små insekt (om lag 0,5-4 mm) og lever over heile verda. Det er på verdsbasis skildra ein 350 artar fordelt på 30 slekter; 44 av desse er kjende frå Noreg..

Dei eldste gjødselmyggane me kjenner til er fossil frå krit-tida i Sibir.

lisenssi
cc-by-sa-3.0
tekijänoikeus
Wikipedia authors and editors
alkuperäinen
käy lähteessä
kumppanisivusto
wikipedia NN