Grassongarar er ein biologisk familie av små sporvefuglar, ei gruppe på rundt 145 songarar som hovudsakleg lever i varmare og sørlege delar av «den gamle verda».
Denne familien stammar truleg frå Afrika der ein finn dei fleste artane, men det lever representantar for familien på tvers av tropisk Asia inn i Australasia, og ein art, cistussongar, hekkar til og med i Europa.
Desse er generelt mykje små, lite iaugefallande fuglar i dominerande brun eller grå farge. Ein finn grassongarar i ope landskap som grassletter eller krattskog. Dei er ofte vanskelege å observere, og mange artar er mykje like i utsjånad, derfor er ofte songen beste nøkkelen til identifisering.
Dette er insektetande fuglar som hekkar lågt i vegetasjonen.
Utanom den største slekta Cisticola av grassongarar og cistussongarar, samlar familien 25 andre slekter, mellom anna jeriar, apalisar, smettsongarar, priniaer, skredderfuglar og eremomelaer.
Grassongarar er ofte inkludert i songarfamilien, Sylviidae.
Grassongarar, Cisticolidae, i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
Slekt Neomixis
Slekt Micromacronus
Slekt Eremomela, 11 artar eremomelaer
Slekt Drymocichla
Slekt Schistolais
Slekt Oreophilais
Slekt Phragmacia
Slekt Urolais
Slekt Oreolais
Slekt Artisornis
Slekt Poliolais
Slekt Calamonastes
Slekt Camaroptera
Slekt Spiloptila
Slekt Phyllolais
Slekt Apalis, 20 artar apalisar
Slekt Orthotomus
Slekt Prinia, ca. 24 artar priniaer
Slekt Euryptila
Slekt Scepomycter
Slekt Incana
Slekt Malcorus
Slekt Bathmocercus
Slekt Hypergerus
Slekt Eminia
Slekt Cisticola, 45 artar