dcsimg

Skjelpadder ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Skjelpadder er anapside krypdyr av ordenen Testudines. Dei er kjenneteikna ved at størsteparten av kroppen er dekt med eit hardt beinskal utvikla frå ribbeina, og ved at hovudskalla manglar andre opningar enn dei til auga og nasebor. Gruppa er den eldste nolevande krypdyrordenen; dei eldste fossilane som er funne stammar frå over 215 millionar år sidan. Per i dag finst det 300 artar skjelpadder, både på land, i ferskvatn og i havet.

 src=
Havlærskjelpadda har vorte funne både skyld i land på norske strender og symjande utanfor norskekysten. Ho er den største skjelpadda, og kan vega opp mot 900 kg med ei lengd på 2,7 m

Skjelpadder i Noreg

I norsk fauna er skjelpadda ein særs sjeldan gjest. Likevel har det førekome nokre få observasjonar av havskjelpadde, både drive i land og frittsymjande utanfor kysten. Det er registrert totalt to artar her; uekte karett og havlêrskjelpadde.

Bakgrunnsstoff

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Skjelpadder: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Skjelpadder er anapside krypdyr av ordenen Testudines. Dei er kjenneteikna ved at størsteparten av kroppen er dekt med eit hardt beinskal utvikla frå ribbeina, og ved at hovudskalla manglar andre opningar enn dei til auga og nasebor. Gruppa er den eldste nolevande krypdyrordenen; dei eldste fossilane som er funne stammar frå over 215 millionar år sidan. Per i dag finst det 300 artar skjelpadder, både på land, i ferskvatn og i havet.

 src= Havlærskjelpadda har vorte funne både skyld i land på norske strender og symjande utanfor norskekysten. Ho er den største skjelpadda, og kan vega opp mot 900 kg med ei lengd på 2,7 m
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN