dcsimg

Stankelbein ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Stankelbein, feifot eller myhank (Tipulidae) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei største dyra i gruppa myggar og er utbreidd over store delar av verda. Ein reknar dei som ei av dei mest primitive familiane innanfor tovengene,[1], men stankelbeina er likevel med sine om lag 10 500[2] skildra artar mellom dei største og mest suksessfulle delgruppene. I Noreg er det kjend 93 artar.[3]

Dei eldste stankelbeina me kjenner til er frå baltisk rav frå eocen og oligocen, det vil seie om lag 40 millionar år gamle;[4] artane ein finn her liknar i stor grad på dei ein finn i dag og kan klassifiserast i fleire av dei same slektene. Ifølgje den leiande verdseksperten på gruppa, Pjotr Oosterbroek, er det sannsynleg at familien først oppstod i midten av Mesozoikum.[5]

Livssyklus og økologi

Stankelbein er holometabole insekt som lever det meste av livet som larvar. For dei fleste artane i Noreg går livssyklusen over eitt år, med nokre få to- eller fleirårige fjellartar. Dei overvintrar stort sett i tredje eller fjerde av i alt fire larvestadium. Både egg- og puppestadiet tek mellom ei og to veker kvar, og dei vaksne dyra lever i få dagar før dei døyr.

Larvane finst i mange ulike økologiske nisjar, men dei lever alle av plantemateriale. Dei langt fleste artane lever i jord, ofte av røter, men det finst òg nokre få som lever i tørre eller rotnande lauvtre-stammar. Særleg på Vestlandskysten kan dei ha store skadeverknadar på eng, der dei et grasrøter. Det er òg kjend ein del artar som lever i mose, og nokre særs få frittlevande ferskvassartar.

For mange artar er derimot ikkje larvestadiet kjend enno.

Ytre kjenneteikn

 src=
Hovudet og oversida av brystet til ein Tipula sp. Merk den lange snuta og V-fura framfor vengefestet.

Stankelbein er store til mellomstore myggar med særs lange bein. I tillegg til vengemønster er dei viktigaste anatomiske trekka som er særeigne for stankelbeina dei forlenga ytste ledda på maxillepalpane; små ekstremitetar som sit på munndelane. Dei fleste stankelbein har dessutan ei lang snute framme på hovudet. Munndelane deira kan ikkje ta til seg anna næring enn reint flytande føde.

Som hjå andre tovenger er brystet sett saman av tre ledd, kor det mellomste er størst. Dette er òg det viktigaste, sidan det er her flygevengene sit. Tvers over har dei ei V-forma fure mellom skjelettplatene prescutum og scutum. Vengemønsteret er viktig i bestemming mange slekter og underslekter. Beina til stankelbeina er lange og brekk lett av. Nedst på skinnebeinleddet (tibia) sit det som regel tornar eller sporar; som regel eit på kvart av dei fremste beina og to på kvart av dei andre (1-2-2). Somme grupper har òg 1-1-2.

Bakkroppen består av åtte ledd med kvar sine tydelege rygg- og bukplater. Det siste, niande leddet er annleis bygd hjå hoer og hannar og ber først og fremst paringsorgana. Første kroppsledd er særs kort og andre kroppsledd er særs langt.

Systematikk og inndeling

Stankelbein Tipulidae er den største gruppa i overfamilien Tipuloidea, som òg omfattar vintermyggar Trichoceridae, småstankelbein Limonidae, Pediciidae og Cylindrotomidae. Dei er myggar som vert kjenneteikna av å ha ei tversgåande V-forma fure i ryggen, pluss unike vengekarakterar.

Særeigne anatomiske trekk som er særskilde for stankelbeina omfattar mellom anna dei forlenga ytste maxillepalpledda og trekk i vengemønsteret. Til vanleg har dei òg 13 antenneledd mot dei andre artane i Tipuloidea som har 14 eller 16. Det enklaste kjenneteiknet som skil dei frå slektningane sine er likevel storleiken.

Innanfor Tipulidae er det særleg slekta Tipula som er stor og omfangsrik; berre i Noreg finst det 62 artar. Ein delar denne slekta difor ofte opp i underslekter.

Slekter og underfamiliar i Noreg

 src=
Venge frå Tipula oleracea
 src=
Ctenophora pectinicornis er fargerik og er òg funnen i Noreg.

Under følgjer ei liste over underfamiliar, med informasjon om kva slekter som finst i Noreg og med kor mange representantar. For Tipula, som er ei særs stor slekt, er det i tillegg ført opp norske underslekter. Lista følgjer Hofsvang 1986.

  • Underfamilie Dolichopezinae
  • Underfamilie Ctenophorinae
  • Underfamilie Tipulinae
    • Slekt Prinocera - 4 artar
    • Slekt Angarotipula - 1 art
    • Slekt Tipula
      • Underslekt (Tipula) - 2 artar
      • Underslekt (Yamatipula) - 8 artar
      • Underslekt (Acutipula) - 3 artar
      • Underslekt (Schummelia) - 1 art
      • Underslekt (Arctotipula) - 1 art
      • Underslekt (Vestiplex) - 7 artar
      • Underslekt (Lunatipula) - 11 artar
      • Underslekt (Lindneria) - 1 art
      • Underslekt (Savtchenkia) - 13 artar
      • Underslekt (Mediotipula) - 1 art
      • Underslekt (Beringotipula) - 1 art
      • Underslekt (Dendrotipula) - 1 art
      • Underslekt (Odonatisca) - 1 art
      • Underslekt (Platytipula) - 2 artar
      • Underslekt (Pterelachisus) - 10 artar
    • Slekt Nigrotipula - 1 art
    • Slekt Nephrotoma - 14 artar

Kjelder

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stankelbein
  • Hofsvang, Trond (1996), «Tipulidae - Stankelbein», i Aagard, Kåre & Dolmen, Dag, Limnofauna Norvegica - katalog over norsk ferskvannsfauna, Trondheim: Tapir Forlag, ISBN 82-519-1214-8
  • Hofsvang, Trond (1986), «Stankelbein (Diptera, Tipulidae)», Norske Insekttabeller (PDF) (10), Norsk Entomologisk Forening NHL, Ås. 84 s.
  1. Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae
  2. Oosterbroek, Pjotr (2008): Catalogue of the Craneflies of the world
  3. Hofsvang, Trond (1992): A check list of Norwegian Tipulidae (Diptera). Fauna Norvegica Ser.B 39, s. 77-79
  4. Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae
  5. Oosterbroek, Pjotr: Family Tipulidae
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Stankelbein: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Stankelbein, feifot eller myhank (Tipulidae) er ei gruppe store og tynne insekt med lange bein og karakteristisk lang snute. Dei er dei største dyra i gruppa myggar og er utbreidd over store delar av verda. Ein reknar dei som ei av dei mest primitive familiane innanfor tovengene,, men stankelbeina er likevel med sine om lag 10 500 skildra artar mellom dei største og mest suksessfulle delgruppene. I Noreg er det kjend 93 artar.

Dei eldste stankelbeina me kjenner til er frå baltisk rav frå eocen og oligocen, det vil seie om lag 40 millionar år gamle; artane ein finn her liknar i stor grad på dei ein finn i dag og kan klassifiserast i fleire av dei same slektene. Ifølgje den leiande verdseksperten på gruppa, Pjotr Oosterbroek, er det sannsynleg at familien først oppstod i midten av Mesozoikum.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Storstankelbein ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Storstankelbein (Tipulidae), også bare kalt stankelbein, er storvoksne mygg som er vanlig i de fleste naturtyper i Norge. Man kjenner omtrent 100 arter fra landet.

Liv og utvikling

 src=
Tipulidae

Kroppen er lang og slank. De fleste artene er mer eller mindre gul- eller gråaktige, men det finnes også noen som er mer fargerike, for eksempel de gule og svarte artene i slekten Nephrotoma. Forbrystet (thorax) har en karakteristisk, V-formet fure, og svingkøllene (halterer) er uvanlig lange og slanke.

Vingene er lange og slanke med mange tydelige årer. Storstankelbein kan skilles fra de andre stankelbeinene på detaljer i vingeårenettet, der åren subcosta (Sc) munner ut i radialåren (R) og ikke i costa (C). Hos noen arter har vingene svarte flekker, hos andre er de grå- eller gulfargede og ganske mange har brune tegninger. Noen få arter har sterkt reduserte vinger, særlig hos hunnene.

Hodet er langstrakt, gjerne med en lang "snute". Fasettøynene er forholdsvis små og møtes ikke i pannen. Antennene er vanlegvis nokså lange og slanke. Noen slekter, som Dictenidia, Tanyptera og Ctenophora, har kamformede antenner. Munnfølerne (palpene) er svært lange, til forskjell fra den nærtstående familien småstankelbein (Limoniidae).

Bakkroppen er lang og tynn. Hannene har komplekse ytre kjønnsorganer med forskjellige gripeorganer, pigger o.l. Disse er nyttige dersom en vil bestemme artene. Hunnene har et velutviklet, hardt (sklerotisert) eggleggingsrør, særlig utviklet hos arter som legger egg i død ved.

Larvene er mer eller mindre pølselignende med et svakt avsatt hode. Bein finnes ikke. På det bakerste bakkroppssegmentet sitter to store åndehull (spirakler), rundt disse er det ofte flere fingeraktige utvekster som er viktige karakterer om en vil bestemme artene. Mange arter lever i jorden, der noen kan gjøre skade i jord- og hagebruk (se nedenfor), men det finnes også noen arter som har larver i vann og en del som utvikler seg i død ved. De siste larvene er gjerne noe hardere enn de som lever i jord, med kraftig utviklede munndeler.

 src=
Larvene er pølseformede uten markert hodekapsel

Puppen er relativt lang og slank, og man kan se omrisset av det voksne insektets organer utenpå puppeskallet : hode, vinger, bein, bakkropp etc. Litt uvanlig er det at antennene stikker opp som to horn på puppens hode.

 src=
En fargerik art i slekten Ctenophora, hann

Skadedyr

Noen av stankelbeinartene kan gjøre en del skade i jord- og hagebruk. Det er larvene som er problemet – de spiser planterøtter og kan også gnage av unge planter i rothalsen.

Myrstankelbeinet, Tipula paludosa, er den arten som særlig skaper problemer i Nordvest-Europa. De voksne er ganske store, gulbrune på farge, med vinger som er brune langs forkanten, og flyr i juli-september. De grå larvene kan gjøre skade når de er nesten utvokst, om våren og forsommeren. Områder med fuktig, moldrik jord som drenerte myrer er spesielt utsatt. Bestandene svinger sterkt og det er bare i enkelte år at de skaper problemer. Grovt sett kan man regne med at skader er sannsynlige dersom tettheten av myrstankelbeinlarver overstiger 100 larver per kvadratmeter. Siden larvene kommer opp for å spise om natten, må eventuell sprøyting iverksettes på kvelds- eller nattestid.

Men heldigvis, de aller fleste stankelbeinartene er helt harmløse.

Systematisk inndeling / slekter og noen arter

Det er registrert 95 arter av storstankelbein (Tipulidae) i Norge (tall fra 2006). De fleste artene tilhører den store slekten Tipula, men vi har også en del andre slekter.

 src=
Nephrotoma appendiculata er vanlig i Norge

Europeiske slekter, samt omtale av noen arter, i alfabetisk rekkefølge.

  • Orden Tovinger (Diptera)
    • Underorden Mygg (Nematocera)
      • Overfamilien Stankelbein (Tipulioidea)
        • Familien Storstankelbein (Tipulidae) - slekter som finnes i Europa:
          • Slekten Angarotipula Savchenko, 1961
            • Angarotipula tumidicornis (Lundström, 1907) ligner slekten Tipula men kan kjennes på at antennene mangler hårkranser på hvert segment. Bare kjent fra Troms og Finnmark i Norge.
          • Slekten Ctenophora Meigen, 1803, med tre norske arter, er store og fargerike stankelbein, kontrastrikt farget i svart og gult/rødt. Hannene har buskete, kamformede antenner. Larvene lever i døde trær. Finnes på Sør- og Østlandet.
          • Slekten Dictenidia Brullé, 1833
            • Dictenidia bimaculata (Linnaeus, 1761) er en middelsstor art, blankt svart på farge, som kan kjennes på at vingene har to svarte flekker. Hannen har kamformede antenner. Larven lever i døde trær. Finnes i Sør-Norge.
          • Slekten Dolichopeza Curtis, 1825
            • Dolichopeza albipes (Strøm, 1768) er en nokså liten, slank, grålig art med veldig lange og tynne bein der den ytterste tredjedelen er hvit. Larven lever i fuktig mose, og arten finnes over hele landet.
          • Slekten Nephrotoma Meigen, 1803, omfatter 14 norske arter som er livlig farget i gult og svart. Larvene lever i jord eller i strøskiktet. Noen av artene er vidt utbredt i Norge, andre finnes bare på Sør-Østlandet.
          • Slekten Nigrotipula Hudson & Vane-Wright, 1969
            • Nigrotipula nigra (Linnaeus, 1758) er en liten, helsvart art. Finnes i Sør--Norge. Larven kan finnes både i jord og i råttent treverk.
          • Slekten Phoroctenia Coquillett, 1910
            • Phoroctenia vittata (Meigen, 1830) har antenner hos hannen med korte utvekster. Larven er ukjent men lever sannsynligvis i døde trær. Bare kjent fra Troms i Norge.
          • Slekten Prionocera Loew, 1844, ligner mørke arter av Tipula, men kan skilles fra disse på at antennene mangler hår. Fem arter er kjent fra Norge, de fleste bare nordfra og fra fjellet. Larvene (for de artene de er kjent) lever i myr eller annen fuktig jord.
          • Slekten Tanyptera Latreille, 1804, omfatter to norske arter av blankt svarte og oransje, middelsstore stankelbein der hannene har kamformede antenner. Hunnene har et langt, hardt eggleggingsrør som de bruker til å bore i død ved. Finnes over hele landet.
          • Slekten Tipula Linnaeus, 1758, er den største slekten og omfatter resten av de norske storstankelbeinene. De er som oftest grå/gul/brune på farge, middelsstore til store arter, vingene har ofte brune flekker og antennene har kranser av lange hår. 66 arter er hittil kjent fra Norge. Slekten deles inn i mange underslekter.
        • Slekter som ikke finnes i Europa:

Norske arter

Referanser

  1. ^ de Jong, Herman (2017) Limoniidae and Tipulidae (Crane flies). Side 427-477 i: Kirk-Spriggs, A.H. og Sinclair, B.J. (red.): Manual of Afrotropical Diptera, Vol. 2. Nematocerous Diptera and lower Brachycera. Suricata 5. South African National Biodiversity Institute, Pretoria.

Kilder

  • Fauna Europa (2004) Fauna Europaea version 1.1, utbredelsesdatabase over europeiske dyr. www.faunaeur.org
  • Hofsvang, T. 1986. Stankelbein (Diptera, Tipulidae). Norske Insekttabeller nr. 10. 84 sider. Utgitt av Norsk entomologisk forening.
  • Hofsvang, T. 1992. A check list of Norwegian Tipulidae (Diptera). Fauna norvegica, Serie B 39: 77-79.
  • Thunes, K.H. et al.. 2004. The arthropod community of Scots pine (Pinus sylvestris L.) canopies in Norway. Entomol. Fennica 15: 65-90.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Storstankelbein: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Storstankelbein (Tipulidae), også bare kalt stankelbein, er storvoksne mygg som er vanlig i de fleste naturtyper i Norge. Man kjenner omtrent 100 arter fra landet.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO