dcsimg

Fjørmygg ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Fjørmyggar (Chironomidae) er ei gruppe tovengjer som finst i tilknytnad til ferskvatn over heile verda. Dei liknar vanlege myggar, men ingen av artane syg blod. Særleg hannane er lette å kjenne att på dei store, fjør-liknande antennene deira.

Det er beskrive godt over 5 000 artar fjørmyggar over heile verda, men ein reknar med at det reelle artstalet er nærare 15 000[1]. 505 av dei er registrerte i Noreg. Dei ferskvasslevande larvane deira («raude mygglarvar») er økologisk viktige som byttedyr for mange ferskvassfisk, særleg i djupe sjøar.

Sverming

Fjørmyggar i naturen er lettast å observera når dei svermar. Med litt trening er det ikkje vanskeleg å skilja fjørmyggsvermer frå andre svermande myggar; dei har ein raffinert flukt-åtferd som har fått danskane til å kalla dei «dansemyggar». Store svermar inneheldt store mengder med individ, og har ved fleire høve faktisk ført til brannutrykkingar. Dei kan òg vera særs plagsame, sjølv om dei ikkje stikk: Dei kan flyga inn i nase og svelg, noko som ikkje er vidare behageleg.

Svermande fjørmyggar kan somme stadar føra til større problem. I Sudan vert opptil 20 % av folket som bur langsmed Nilen arbeidsuføre fordi dei vert allergiske mot myggen og utviklar sterk astma. Slik allergi kan òg kanskje vera problematisk andre stadar. Folk som arbeider på fjørmygg-farmar, som produserer larvar som levandefôr til akvariefisk, er ofte plaga med allergi.

Livssyklus

Fjørmyggar går gjennom fire larvestadium på vegen frå egg til vakse insekt. Desse stadia er avhengige av vatn, men ikkje alltid i så veldig store mengder. Somme artar toler særs godt tørke og/eller innfrysing.

Det første larvestadiet til fjørmyggen er ofte pelagisk (i alle fall i innsjøar). Dei vert trekt mot lys og heldt seg såleis ganske langt oppe i vatnet. Når dei først slår seg ned på botnen kan dei velje i eit breitt spekter av levesett avhengig av art. Somme et alger av stein eller vassplantar, andre grev i daudt tre, vassplantar eller ferskvass-svamp og somme lever saman med andre organismar som vårflugelarvar, sniglar eller andre grupper. Frå utlandet kjenner ein òg parasittiske former som går på fisk.

Ein finn stort sett algeetande artar på grunt vatn, naturleg nok. På djupare vatn dominerer detritus-etarar.

Når fjørmyggen forpuppar seg eller døyr, fell den harde, kitiniserte «hovudskalla» av og søkk til botnen. Analyser av botnsedimenta frå innsjøar kan difor fortelje mykje om kva slags fjørmyggar som lever eller har levd i dei. For artar ein har økologisk kunnskap om tyder dette at ein kan seie mykje om korleis tilhøva der har forandra seg over tid.

Miljø

Dei fleste fjørmyggane er knytt til ferskvatn som i innsjøar og elver, men det finst artar i særs mange ulike slags vatn. Det finst artar som lever i smeltevasskanalar under snøen på isbrear i Himalaya, i havet (noko som særs få andre insekt har klart), i svovelhaldige varme kjelder med temperaturar opp i 50° C og i særs surt myrvatn.

Ein finn likevel flest artar i ferskvassmiljø. I ulike undersøkingar har ein funne så mykje som 140-250 ulike artar i ein og same sjø - Noregsrekorden ligg på 143.

Fjørmyggar som mat

Fjørmyggar er særs talrike og inneheldt frykteleg mykje næring - om lag 40 % av kroppsmassen deira er protein. Særleg i puppestadiet er fugl, fisk og rovinsekt ute etter dei. Aure i vestnorske vassdrag har eit kosthald som består av om lag 70 % fjørmyggar. Artar som stingsild og røye kan òg ha gruppa som hovudføde. Dei raude mygglarvane ein får kjøpt i akvariebutikkar er frå fjørmyggar.

Eit anna kritisk stadium er overgangen frå puppe til vakse insekt, eller frå vatn til luft. Her er det insektetande fugl som er det største trugsmålet.

Systematikk

Fjørmyggar høyrer med mellom dei best undersøkte gruppene systematisk sett. Likevel kan så mykje som 70 % av artane framleis vera uoppdaga. Ein delar gruppa i elleve underfamiliar:[2]

Kjelder

  • Velle, Gaute: A palaeolimnological study of chironomids (Insecta: Diptera) with special reference to Holocene climate (Doktorgradsarbeid)
  • Willassen, Endre: CHIRONOMIDAE - en enkel introduksjon i Insekt-Nytt #3, 1988
  1. Cranston, P.S. (1995) Introduction i P.D. Armitage, P.S. Cranston og L.C.V. Pinder (red.) - The Chironomidae - Biology and ecology of non-biting midges. Cranston & Hall
  2. Sæther, Ole Anton: Phylogeny of the subfamilies of Chironomidae (Diptera) i Systematic Entomology vol.25, #3, Juli 2000, s. 393-403
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Fjørmygg: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Fjørmyggar (Chironomidae) er ei gruppe tovengjer som finst i tilknytnad til ferskvatn over heile verda. Dei liknar vanlege myggar, men ingen av artane syg blod. Særleg hannane er lette å kjenne att på dei store, fjør-liknande antennene deira.

Det er beskrive godt over 5 000 artar fjørmyggar over heile verda, men ein reknar med at det reelle artstalet er nærare 15 000. 505 av dei er registrerte i Noreg. Dei ferskvasslevande larvane deira («raude mygglarvar») er økologisk viktige som byttedyr for mange ferskvassfisk, særleg i djupe sjøar.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Fjærmygg ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Fjærmygg (Chironomidae) er en meget artsrik familie av mygg. De finnes i alle ferskvannsmiljøer rundt omkring i verden – de er de eneste høyere insekter som finnes i Antarktis, noen arter lever i smeltevann på isbreer, og noen få lever også i havet. Det oppdages stadig mange nye arter av fjærmygg. I tillegg finnes det en god del arter som har larvene på land. Fjærmyggene er også ofte svært tallrike, og kan danne store svermer. I bunnsedimenter kan det finnes opptil 100 000 fjærmygglarver per kvadratmeter. Fjærmygglarver er en viktig del av ferskvannsøkosystemene, både som nedbrytere og som mat for andre organismer, blant annet fisk. I Norge er det funnet over 500 arter fjærmygg.

Utseende

De voksne fjærmyggene er bitte små til middelsstore mygg, 1 - 10 mm lange, med ganske spinkel kroppsbygning. Mange arter er mørke på farge, andre er livlig grønne eller gule, ofte svartflekkete. Bakkroppen er lang og tynn hos hannene, kraftig og kjegleformet hos hunnene. Beina er vanligvis lange og slanke.

Hodet er nokså lite, kortere enn bredt, med nyreformede fasettøyne som ikke møtes oppe på hodet. Punktøyne (ocelli) finnes ikke. Munndelene er lite fremtredende, disse myggene har ikke sugesnabel. Hannene har fjærformede antenner, mens antennene hos hunnene er ganske korte og sylindriske.

Vingene er lange og smale, og de fremste vingeårene er vanligvis sterkere utviklet enn de bakenfor. Noen arter har sterkt reduserte vinger eller mangler dem helt.

Larvene er vanligvis lange og tynne, sylindriske, med en liten men tydelig hodekapsel. De har et par vorteføtter på det fremste segmentet og et på det bakerste. Larver som lever i oksygenfattige sedimenter er gjerne blodrøde på farge fordi kroppen inneholder store mengder hemoglobin som hjelper dem å ta opp oksygen.

Levevis

Fjærmygg finnes ned til 30 meters dyp i havet og opp til over 5000 meters høyde i fjellområder.

De fleste av artene har larver som lever i ferskvann, både rennende og stillestående, men det finnes også en god del arter som har larvene på land, i jord, i sopp, i død ved og i gjødsel. Noen arter lever også som parasittervanninsekter. Larvene utvikler seg gjennom fire larvestadier, denne utviklingen kan ta så lite som en uke og så mye som flere år, avhengig av forholdene.

De voksne dyrene tar trolig lite næring til seg og lever ganske kort tid. Hannene av mange arter former svermer, og hunnene ser ut til å bli tiltrukket til disse av summingen fra hannenes vingeslag. Fjærmyggene stikker ikke, men de kan av og til oppleves som plagsomme da de er veldig tallrike og har en tendens til å komme inn alle steder, som øyne, nese, munn og ører. Noen arter kan også utløse alvorlige allergireaksjoner.

 src=
Fjærmygglarve, ca. 1 cm lang, hodet til høyre. De forstørrede bildene av bakenden er fra andre bilder av det samme dyret.

Gode indikatorer

I en så stor og artsrik familie finner en et stort mangfold av ulike levevis, men de enkelte artene er gjerne ganske spesialiserte. Det gjør fjærmygg til gode indikatorer på ulike miljøfaktorer. De har blitt brukt til å klassifisere innsjøer økologisk, og rester av fjærmygglarver blir brukt til å rekonstruere klimaforhold i tidligere tider, særlig temperaturforholdene etter siste istid.

Systematisk inndeling

 src=
Belgica antarctica, en vingeløs art, er en av meget få insekter i Antarktis
 src=
Cricotopus trifasciatus, hann
 src=
Guttipelopia guttipennis, hunn
 src=
Tanytarsus sp., hann
Treliste

Kilder

  • Lindegaard, C. 1997. Diptera Chironomidae, Non-biting Midges. Side 265-294 i: Nilsson, A.N. (red): Aquatic Insects of North Europe. A Taxonomic Handbook. Apollo Books, Stenstrup.
  • Schnell, Ø.A. og Aagaard, K. 1996. Chironomidae, fjærmygg. Side 210-248 i: Aagaard, K. og Dolmen, D. (red.) Limnofauna norvegica. Katalog over norsk ferskvannsfauna. Tapir Forlag, Trondheim.
  • Sæther, O.A., Ashe, P. og Murray, D.A. 2000. Family Chironomidae. Side 113-334 i: Papp, L. og Darvas, B. (red): Contributions to a Manual of Palaearctic Diptera. Appendix. Science Herald, Budapest.

Eksterne lenker

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO

Fjærmygg: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NO

Fjærmygg (Chironomidae) er en meget artsrik familie av mygg. De finnes i alle ferskvannsmiljøer rundt omkring i verden – de er de eneste høyere insekter som finnes i Antarktis, noen arter lever i smeltevann på isbreer, og noen få lever også i havet. Det oppdages stadig mange nye arter av fjærmygg. I tillegg finnes det en god del arter som har larvene på land. Fjærmyggene er også ofte svært tallrike, og kan danne store svermer. I bunnsedimenter kan det finnes opptil 100 000 fjærmygglarver per kvadratmeter. Fjærmygglarver er en viktig del av ferskvannsøkosystemene, både som nedbrytere og som mat for andre organismer, blant annet fisk. I Norge er det funnet over 500 arter fjærmygg.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia forfattere og redaktører
original
visit source
partner site
wikipedia NO