dcsimg

Papayafamilien ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Papayafamilien (Caricaceae) er ein plantefamilie i ordenen Brassicales.[1]

Han omfattar ca. 35 artar fordelt på seks planteslekter. Medlemmer i familien finst hovudsakleg i tropiske delar av Sentral- og Sør-Amerika og Afrika. Dei er kortliva eviggrøne buskar eller små tre med tjukk stamme og blir typisk 5–10 m høge. Ein art i familien, Vasconcellea horovitziana er ein lian, og tre artar i slekta Jarilla er urter.[2] Fleire artar har frukter som kan etast av menneske og er ei kjelde til papain.[3] Papaya er ein av plantane i slekta.

Ifølgje molekylær analyse skal familien ha oppstått i Afrika tidleg i kenozoikum for rundt ~66 millionar år sidan (mya). Utbreiinga frå Afrika til Sentral-Amerika fann stad ~35 mya, kanskje via havstraumar frå Kongo-deltaet. Frå Sentral-Amerika nådde familien Sør-Amerika 19-27 mya.[4]

Slekter

Familien er delt inn i 6 slekter og 34-35 artar:

Kjelder

  1. «An update of the Angiosperm Phylogeny Group classification for the orders and families of flowering plants: APG III.». Botanical Journal of the Linnean Society 161 (2): 105–121. 2009. doi:10.1111/j.1095-8339.2009.00996.x.
  2. «Correct names for some of the closest relatives of Carica papaya: A review of the Mexican/Guatemalan genera Jarilla and Horovitzia». Phytokeys. 2013.
  3. [1]
  4. «A dated phylogeny of the papaya family (Caricaceae) reveals the crop’s closest relatives and the family’s biogeographic history». Molecular Phylogenetics and Evolution 65: 46–53. 2012. doi:10.1016/j.ympev.2012.05.019.
license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN

Papayafamilien: Brief Summary ( Norwegian )

provided by wikipedia NN

Papayafamilien (Caricaceae) er ein plantefamilie i ordenen Brassicales.

Han omfattar ca. 35 artar fordelt på seks planteslekter. Medlemmer i familien finst hovudsakleg i tropiske delar av Sentral- og Sør-Amerika og Afrika. Dei er kortliva eviggrøne buskar eller små tre med tjukk stamme og blir typisk 5–10 m høge. Ein art i familien, Vasconcellea horovitziana er ein lian, og tre artar i slekta Jarilla er urter. Fleire artar har frukter som kan etast av menneske og er ei kjelde til papain. Papaya er ein av plantane i slekta.

Ifølgje molekylær analyse skal familien ha oppstått i Afrika tidleg i kenozoikum for rundt ~66 millionar år sidan (mya). Utbreiinga frå Afrika til Sentral-Amerika fann stad ~35 mya, kanskje via havstraumar frå Kongo-deltaet. Frå Sentral-Amerika nådde familien Sør-Amerika 19-27 mya.

license
cc-by-sa-3.0
copyright
Wikipedia authors and editors
original
visit source
partner site
wikipedia NN