dcsimg

Etasjemose ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Etasjemose er ein fleirårig bladmose. Han veks oftast på jord eller humus og finst først og fremst på den nordlege halvkula. Mosen bygg matter og veks på ein trappeforma måte som gir han ein karakteristisk utsjånad. Etasjemosen toler skugge godt og er meir ømfintleg for sollys. Han er føde for mellom anna skoglemen.

Utsjånad

 src=
Stilk og blad

Etasjemosen veks trinnvis oppover med fjørliknande skot. Kvart steg representerer ein vekstsesong, slik at ein kan telje «etasjane» for å finne alderne til mosen. Stilken vert 10–20 cm lang og er grøn, gul, raud eller brun. Blada er mørkt grøne til brune på dei eldre skota. Dei nye skota har ein lysare grøn tone. Blada sine «kroner» blir som regel 20–30 mm breie. Blada har oftast to midtnervar og har tenner i kantane.

 src=
Nærbilde av stilk og blad

Stilkblada er cirka 2 mm lange og 1,5 mm breie og greinblada 1 mm lange 0,5 mm breie. Stilkbladet smalnar av til ein spiss, som oftast er langsmal og krokete. Greinbladet får ein kort og kvass spiss.

Mosen sin stilk er dekt av grøne (på gamle skot brune), hårliknande utvekstar, såkalla parafyllier. Desse skil etasjemosen frå nærståande slekter. Liksom andre mosar har etasjemosen ikkje røter, men mosen sine rhizoider er uvanleg lange. Dei gamle skota døyr etter kvart og vert ein del av humusdekket.

Utbreiing

 src=
Etasjemose på ein gammal mur i Dalarna i Sverige.

Etasjemosen veks på store delar av den nordlege halvkula, framfor alt i eit kjølig temperert klima, til fjells og på tundra. Etasjemose finst også kjølige område (som fjell) i Karibia, Europa, Asia, Afrika, Australia og på New Zealand.[1]

Økologi

 src=
Matte av etasjemose, med anna mose i bakgrunnen

Etasjemosen vert i snitt åtte år gammal. Han veks på jord eller humus i lauv- og granskog. Han veks også på gamle stokkar, stubbar, berg, steinar og i blant på mur. Den trappeforma vekstmåten gjer han i stand til å klatre over nedfalle materiale og få litt meir sollys.

Formeiring

Etasjemose kan formeire seg både vegetativt og kjønna. Den første framgangsmåten er vanlegast, og mest framgangsrik målt i talet på nye planteindivid. Den kjønna kan likevel vere viktig når nye stader skal koloniserast. Mosen kan også spreie seg ved at delar av mosen losnar og etablerer seg andre stader. Slike fragment kan også overleve i jorda etter ein brann og føre til at mosen kjem tilbake raskare.

Bruk

Tidlegare har mosen, ofte saman med torvmosar, vore brukt til å tette i bygningar med laftverk. Etasjemose blir derfor ofte kalla for husmose.

Kjelder

  1. «Glittering wood moss (Hylocomium splendens)», Trees for Life. Henta 16. mars 2015.
ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN

Etasjemose: Brief Summary ( النرويجية )

المقدمة من wikipedia NN

Etasjemose er ein fleirårig bladmose. Han veks oftast på jord eller humus og finst først og fremst på den nordlege halvkula. Mosen bygg matter og veks på ein trappeforma måte som gir han ein karakteristisk utsjånad. Etasjemosen toler skugge godt og er meir ømfintleg for sollys. Han er føde for mellom anna skoglemen.

ترخيص
cc-by-sa-3.0
حقوق النشر
Wikipedia authors and editors
النص الأصلي
زيارة المصدر
موقع الشريك
wikipedia NN